Utveksling på vidaregåande
Godkjente utvekslingssamarbeid via skolen
Dersom skolen din har utvekslingssamarbeid med ein vidaregåande skole i utlandet, må du sjekke at dette er på HK-dir si liste over godkjente samarbeidsprogram. Du kan berre få stipend og lån frå Lånekassen om utvekslingssamarbeidet er på denne lista.
I slike tilfelle kan utvekslingsopphaldet vare i alt frå ei veke til eitt år, og opphaldet kan vere når som helst i løpet av dei tre åra du vanlegvis ville gått på vidaregåande skole i Noreg.
Utveksling via godkjent utvekslingsorganisasjon
Du kan også reise via ein utvekslingsorganisasjon som er godkjent av HK-dir. I slike tilfelle må utvekslingsopphaldet vare i eit år og kunne erstatte VG2 i Noreg.
Dersom du reiser på utveksling til eit land der skoleåret følger kalenderåret, kan du få stipend og lån når du reiser etter første semester i VG1 eller VG2.
Utveksling via Erasmus+
Om du skal reise på utveksling via Erasmus+ kan du også ha rett på stipend og lån, men utvekslingsopphaldet må vare i minst tre månader.
Læretid i ei bedrift i utlandet
Er du lærling og vil ta heile eller delar av læretida i ei bedrift i utlandet, kan du få stipend og lån. Før du søker, må du ha inngått lærekontrakt, og opplegget du skal gjennomføre må vere godkjent av fylkeskommunen.
Søknadsfristar
Du må ha ein skoleplass før du søker. Det er same frist for alle stipend og lån uavhengig av kven som legg til rette for utvekslinga:
- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret