Søknad om stipend og lån til utveksling utanfor Norden

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån, reisestøtte og eventuelt skolepengestøtte. Du kan velje å søke om stipend, og då får du berre stipenddelen av skolepengestøtta og reisestøtta, i tillegg til den delen av basislånet som kan bli gjort om til stipend

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre nokre har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån, språkstipend og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Dokumentasjon

Som regel hentar vi automatisk ei stadfesting på at utvekslingsopphaldet ditt er førehandsgodkjent. I nokre tilfelle må du likevel sende dokumentasjon til oss.

Skal du betale skolepengar til den utanlandske lærestaden, må du sende dokumentasjon som viser kor mykje du skal betale.

Du kan laste opp dokumentasjon på Dine sider på lanekassen.no eller sende den i posten etter at du har søkt om lån og stipend.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Søk om lån og stipend så fort du har studieplass

No kan du søke om lån og stipend for 2024–2025.

Siste frist for å søke er:

  • 15. november 2024 dersom du søker for hausten 2024
    15. mars 2024 dersom du søker for våren 2025