Resultatet av valet blir no vist på sida.
Søknad om stipend og lån til gradsutdanning utanfor Norden
Dette søker du om
I søknaden søker du om basislån, reisestøtte og eventuelt skolepengestøtte. Du kan velje å søke om stipend, og då får du berre stipenddelen av skolepengestøtta og reisestøtta, i tillegg til den delen av basislånet som kan bli gjort om til stipend
Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre nokre har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån, språkstipend, flyktningstipend og stipend til spesielt tilrettelagd ingeniør- og økonomiutdanning i Frankrike og Tyskland.
Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.
Dokumentasjon
Når du søker om lån og stipend til utdanning i utlandet for første gang, må du sende dokumentasjon til oss etter at du har søkt. Du kan sende dokumentasjon på Dine sider på lanekassen.no eller i posten.
Dette må du sende:
- Vitnemål frå vidaregåande skole eller anna stadfesting som viser at du har oppnådd generell studiekompetanse i Norge (berre om du skal studere utanfor Norden).
- Endeleg opptaksbrev utan faglege vilkår frå lærestaden (unconditional offer).
- Stadfesting frå lærestaden som viser kor mykje du skal betale i skolepengar (tuition fee).
- Dersom du ikkje er norsk statsborgar må du sende dokumentasjon som viser at du er frå eit EØS- eller EFTA-land, eller at du er familiemedlem til ein borgar frå eit EØS- eller EFTA-land.
Er du allereie student i utlandet og skal fortsette utdanninga, må du ha sendt inn skjema for Årleg kontroll for førre studieår før vi kan behandle ein ny søknad.
Du finn meir informasjon for utanlandske statsborgarar på denne sida.
Behandlingstid
Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.
Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.
Søk om lån og stipend så fort du har studieplass
No kan du søke om lån og stipend for 2024–2025.
Siste frist for å søke er:
- 15. november 2024 dersom du søker for hausten 2024
15. mars 2024 dersom du søker for våren 2025