Tilleggslån for deg som er 30 år eller eldre
Tilleggslånet på 115 880 kroner er berre for studentar på fagskole, universitets- eller høgskoleutdanning. Tar du vidaregåande opplæring, kan du låne inntil 57 940 kroner i året. Tilleggslånet kjem i tillegg til andre lån og stipend.
Du må fylle 30 år seinast 31.12.2024 for å ha rett til tilleggslånet i studieåret 2024–2025. Det vil seie at du må vere født i 1994 eller tidlegare for å ha rett til lånet i dette studieåret. Fyller du 30 år i 2025, har du først rett til lånet frå hausten 2025 Du må også ha rett til vanleg lån og stipend for å ha rett til tilleggslånet.
Tar du andre utdanningar, kan du ikkje få dette lånet.
Det årlege maksimalbeløpet gjeld for fulltidsutdanning. Studerer du på deltid, blir beløpet redusert. Kor mykje du får når du studerer på deltid, avheng av kor mange studiepoeng eller årstimar du tar.
Kor mykje kan du låne til saman?
Tilleggslånet er avgrensa til 231 760 kroner til saman over fleire år for utdanning ved fagskole, universitet og høgskole, og 115 880 kroner til saman for vidaregåande opplæring.
Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for deg som har barn. Tilleggslånet kan ikkje bli gjort om til stipend, med unntak av sjukestipend.