Kva skal til for å få omgjering?
Du må bu borte
Du kan ikkje få gjort om lån til stipend for periodar du har budd heime hos foreldra dine. Når du søker om lån, oppgir du om du skal bu heime eller borte medan du studerer. Er du gift eller har barn du bur saman med, behandlar vi deg som bortebuar, sjølv om du bur hos foreldra dine.
Du treng ikkje å endre adresse i folkeregisteret, men du kan bli bedt om å dokumentere at du faktisk har vore bortebuar.
Du må bestå utdanninga
For å få full omgjering må du bestå like mange studiepoeng som du har fått lån til å ta. For ein del utdanningar er det nok å bestå eksamen eller kurset, men går du på eit universitet eller ein høgskole, må du fullføre ein heil grad for å få full omgjering.
Dersom du blir forseinka, for eksempel fordi du stryk på éin eller fleire eksamenar, får du ikkje gjort om lån til stipend for dei faga du ikkje har bestått. Du kan likevel få omgjering om du hentar inn forseinkinga seinare.
Dersom du tar opp fag frå vidaregåande får du ikkje stipend på same måte.
Du må ikkje ha for høg inntekt eller formue
Inntekta og formuen din er også med på å avgjere kor mykje av basislånet som kan bli gjort om til stipend. Inntektsgrensa er det du kan tene før skatt (brutto), utan å få mindre i stipend. Med formue meinast netto formue
Vi bruker tal frå skatteoppgjeret, som vi får frå skatteetaten. Skatteoppgjeret gjeld for kalenderåret, og derfor gjer vi om lån til stipend for eitt og eitt kalenderår, ikkje for kvart studieår.
Du får eit vedtaksbrev når vi har sjekka inntekt og formue, og når vi gjer om lån til stipend.