Flyktningstipend
Kva er flyktningstipend?
Flyktningstipend er ei eiga støtteordning til flyktningar i grunnskole eller vidaregåande opplæring. Flyktningstipendet inneber at lån du elles kunne fått frå Lånekassen, blir eit stipend i staden.
Du kan ikkje få flyktningstipend samtidig som du er med i introduksjonsprogram.
Du kan få flyktningstipend i tre år
Du kan få flyktningstipend i inntil tre år innanfor ein periode på 6 år etter datoen du fekk innvilga vern. Kor mange år du kan få stipendet avheng derfor av kor raskt du begynner i utdanning etter at du fekk vern. Begynner du på utdanninga innan tre år etter du fekk vern, kan du få flyktningstipend i tre år, men begynner du for eksempel i utdanning etter fem år, kan du berre få eitt år med flyktningstipend.
Perioden du kan få flyktningstipend kan bli utvida frå seks til åtte år om du har barn eller om du får barn i den tiden flyktningstipend normalt kan gis. Dette gjeld også om du skal ta grunnskoleopplæring før du begynner på vidaregåande. Då kan du likevel få flyktningstipend i tre år sjølv om du ikkje begynte i utdanning før etter fem år.