Du kan søke om lån
Lånet kallar me basislån, og dette er namnet på det dei fleste kallar studielån.
Inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du
- ikkje bur saman med foreldra dine
- består utdanninga di
- har inntekt, trygd og formue under grensene
Dersom du må betale skolepengar, kan du få skolepengelån.
Tar du privatisteksamen i fag du har bestått før (tar om igjen fag)?
Då får du ikkje gjort om lån til stipend for desse faga. Det gjeld også viss du tok faga på vanleg vidaregåande i første omgang.
Du kan få basislån til å ta 480 studiepoeng eller tilsvarande
480 studiepoeng er det same som åtte år med heiltidsstudium. Basislån på vidaregåande skole tel med i kor mykje lån og stipend du kan få til saman fordi du får lån og stipend etter reglane for høgare og anna utdanning.
Når må eg betale tilbake?
Det blir lagt til renter på lånet og du må byrje å betale når du ikkje lenger får lån og stipend til utdanning på heiltid, eller når du studerer på deltid. Det tek cirka sju månader frå du sist fekk studielån frå oss, til du får den første rekninga.
Denne sida gjeld deg dersom eitt av punkta stemmer:
- Du er 21 år eller eldre. Det vil seie fyller 21 år eller meir i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.
- Du har studie- eller yrkeskompetanse. Det betyr at du har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning. Då har du fått vitnemål, fagbrev eller sveinebrev.
- Du tar vidaregåande på ein privatskole og må ta eksamen som privatist.
Unntak for andre enn privatistar: Fyller du 21 til 24 år i 2024? Og fekk du i skoleåret 2023-2024 utstyrsstipend eller andre lån og stipend etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring? Då kan du vere med i ei overgangsordning. Sjekk om du er med i ei overgangsordninga.
Søknadsfristar
Du må ha ein skoleplass før du søker. Siste frist for å søke er
- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret