Trafikkflygar

Dersom du tar privat trafikkflygarutdanning i Noreg som er offentleg godkjend, kan du få ekstra lån dersom du må betale høge skolepengar.

Flygarutdanning er som regel ei fagskole- eller bachelorutdanning. Gå til sidene for fagskole eller universitet og høgskole for å berekne kor mykje lån og stipend du kan få.

I tillegg kan du få eit ekstralån til skolepengar på inntil 428 346 kroner per studieår i maksimalt to år.

Skal du ta flygarutdanning i Luftforsvaret, får du ikkje lån og stipend, fordi du får lønn under utdanninga.

Det er ikkje ein eigen søknad om ekstralånet, du søker automatisk om det dersom du vel maksimalt lån i den vanlege nettsøknaden og tar ei godkjend trafikkflygarutdanning

Gå til søknaden

Aktuelt regelverk