Søknad for lærling
For deg som er 21 år eller eldre. Gjeld også deg som er under 21 år og har studie- eller yrkeskompetanse, og deg som er lærling uten ungdomsrett.
Du må ha godkjent lærekontrakt
For at lærekontrakten din skal vere godkjent må den bli godkjent både av arbeidsgivaren din, og av fagopplæringskontoret i fylket ditt.
Når kontrakten din er registrert som godkjent hos Vigo gir dei beskjed til oss, og du kan søke. Dette kan ta litt tid.
Dokumentasjon
I dei fleste tilfelle krevst det ikkje dokumentasjon for studium i Noreg. Må du likevel sende dokumentasjon, får du beskjed om det i søknaden. Etter at du har søkt, kan du sende dokumentasjonen til oss på Dine sider på lanekassen.no eller i posten.
Behandlingstid
Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.
Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.
Søk om lån og stipend
No kan søke om lån og stipend for studieåret 2024–2025.
For studieåret 2024–2025: Søknadsfristen er 30. juni 2025, eller innan lærekontrakten er avslutta hvis det er før 30. juni 2025.