Resultatet av valet blir no vist på sida.
Søknad om lån og stipend til forkurs og sommarkurs i Noreg
Dette søker du om
I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å berre søke om den delen av lånet som kan bli gjort om til stipend, eller om du vil ha resten av basislånet i tillegg.
Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.
Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.
Finn du ikkje sommarkurset ditt?
Dersom du ikkje finn sommarkurset ditt i søknaden, må du sende oss eit brev med søknad. Legg ved dokumentasjon frå lærestaden din som viser at undervisninga er fastsette i utdanningsprogrammet ditt, eller at du sparer inn på normert studietid.
Dokumentasjon
I dei fleste tilfella krev vi ikkje dokumentasjon for sommarkurs i Noreg. For å få lån og stipend til feltarbeid må du legge ved dokumentasjon frå rettleiaren din som viser at det er nødvendig at feltarbeidet skjer om sommaren
Har du ikkje dokumentasjonen klar no, kan du ettersende den.
Årets søknad
2025
Du kan ikkje søke om lån og stipend til sommarkurs for sommaren 2025 enno. Søknaden opnar i april 2025.
Søknadsfristen er før kurset er ferdig.