Kan eg få lån og stipend?
Dersom du er 21 år eller eldre, kan du søke om:
- lån
- lån som kan bli stipend
Kor mykje pengar kan eg få?
Du kan søke om inntil 137 900 kroner for heile skoleåret (ti månader), eller du kan søke om inntil 68 950 per semester. Det meste av pengane er lån som du må betale tilbake.
Dersom du berre vil søke om lån som kan bli stipend, kan du få inntil 40 prosent av summen over.
Hugs at dersom du har barn, kan du få meir pengar. Du treng ikkje sende inn ein eigen søknad for barnestipend.
Dersom du har ei funksjonsnedsetjing og derfor ikkje kan jobbe ved sida av opplæringa, kan du søke om meir pengar.
Du må oppfylle fleire krav for at lån skal bli stipend
Stipend kan også bli gjort om til lån dersom du ikkje oppfyller krava.
Dette er krava:
- Du må møte på skolen og følgje undervisninga.
- Pengar som du får frå Nav og må betale skatt av, må vere under Lånekassens grense for trygd.
- Dersom du har jobb og tener pengar, må inntekta vere under Lånekassens grense.
- Dersom du har mykje pengar, må det vere under Lånekassens grense for formue.
- Du må bu borte frå foreldra dine. Dersom du har barn, gjeld ikkje dette.
Nokon kan få flyktningstipend
Dersom du har fått vern (asyl) i Noreg, kan du få flyktningstipend når du tek førebuande opplæring for vaksne. Du kan ikkje få flyktningstipend dersom du bur på asylmottak eller får introduksjonsstønad.
For deg frå 21 til 24 år
Fekk du utstyrsstipend, andre stipend eller lån etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring i skoleåret 2023-2024 (del 2 i forskrift for utdanningsstøtte)? Dersom ja, finn du rett informasjon på sida om førebuande opplæring for dei under 21 år.
Les meir om reglane for deg som er med i en overgangsordning.