Førebuande opplæring for deg under 21 år

Gjeld deg som fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.

Kan eg få lån og stipend?

Du kan søke om lån og stipend dersom du går førebuande opplæring.

Dersom du er under 21 år, kan du ha rett til:

  • utstyrsstipend
  • ekstra stipend for deg som bur borte frå foreldra
  • ekstra stipend for deg som har foreldre med låg inntekt
  • ekstra stipend viss du har barn
  • lån for deg over 18 år

Du kan få slike stipend og lån i inntil to år til førebuande opplæring når du er under 21 år. Frå det skoleåret som startar det kalenderåret du fyller 21 år, kan du få lån og stipend etter andre reglar. Det betyr at du kan få andre typar lån og stipend som blir gitt til studentar og andre vaksne i utdanning.

Kor mykje pengar kan eg få?

Du kan få 1398 kroner i utstyrsstipend.

Dersom du bort borte frå foreldra dine, har barn eller foreldra dine har låg inntekt, kan du få meir pengar i stipend. Får du trygd, kan det føre til at du får mindre stipend. Du kan søke om like mykje pengar som elevar under 21 år på vidaregåande skole. 

Nokon kan få flyktningstipend

Dersom du har fått vern (asyl) i Noreg, kan du få flyktningstipend når du tek førebuande opplæring. Du får ikkje flyktningstipend dersom du bur på asylmottak eller får introduksjonsstønad.

For deg frå 21 til 24 år

Fekk du utstyrsstipend i skoleåret 2023–2024? Eller fekk du bortebuarstipend, inntektsavhengig stipend, eller slike stipend omgjort til flyktningstipend, eller lån etter reglane for vanlig vidaregåande opplæring i skoleåret 2023–2024 (del 2 i forskrift for utdanningsstøtte)? Og har du fått slike stipend i kortare tid enn to år til førebuande opplæring før skoleåret 2025–2026? 

Dersom svaret er ja på spørsmåla, gjeld informasjonen over for deg fordi du er med i ei overgangsordning.

Har du fått nokon av stipenda som er nemnde over til førebuande opplæring i to år før skuleåret 2025–2026 startar, er du likevel ikkje med i overgangsordninga. Då kan du i staden ha rett til lån og stipend etter reglane for høgare og anna utdanning.

Gå til søknaden
Flyktning
Les meir om stipend til flyktningar

Aktuelt regelverk