Søknad om sommarstøtte ved nedsett funksjonsevne

Søk om vanleg lån og stipend først

For at du skal ha rett til stipend og lån om sommaren, må du ha vore i ei utdanning som gir rett til stipend og lån heile våren og du må halde fram i utdanning hausten same året. Det er enklare å søke om sommarstøtte om du allereie har sendt inn ein søknad om vanleg stipend og lån for vårsemesteret.

Behandlingstid

Saka blir behandla av ein saksbehandlar. Derfor må du rekne med litt tid før du får svar.

 

 

Slik søker du

  1. Last ned og skriv ut søknadsskjemaet - sjå nederst på sida.
  2. Fyll ut og skaff stempel og signatur frå legen din eller ein annan fagperson.
  3. Logg inn og vel Når du er student/elev, og Søk om stipend og lån i menyen.
  4. Vel Send inn skjema.

Søknad sommaren
2025

Søknadsskjemaet må ha kommet inn til Lånekassen innen 15. august 2025.