Nedsett funksjonsevne

Informasjonen nedanfor gjeld deg som er i ei utdanning som gir rett til basislån.
Ung mann og kvinne på ein benk som ser på mobil og i bok. Foto.

Tilleggsstipend

Dersom du har nedsett funksjonsevne og derfor ikkje kan jobbe ved sida av studia, kan du få eit tilleggsstipend (kalt ekstrastipend tidlegare) . Du kan søke om sommarstøtte i eit eiget søknadsskjema.

Stipendet er på 4 443 kroner per månad, eller 48 873 kroner for eit heilt studieår dersom du har støtte i elleve månader. Studerer du på deltid, blir stipendet redusert ut frå kor mange studiepoeng du skal ta.

For å ha rett til stipendet må du vere i stand til å studere, men ikkje til å jobbe ved sida av studia, fordi det i stor grad vil gå ut over studieprogresjonen din. Ein lege eller spesialist må bekrefte det i søknaden.

Du kan ikkje ha lønna arbeid i det heile tatt så lenge du får tilleggsstipendet. Det finst nokre unntak, bl.a. dersom du har eit frivillig verv eller ulønna arbeid ved sida av studia, då kan du likevel få stipendet.

Gå til søknaden om tilleggsstipend
Ung kvinne og ung mann i bymiljø. Foto.

Stipend og lån om sommaren

Kan du ikkje ha sommarjobb fordi du har nedsett funksjonsevne, kan du få stipend og lån i tolv månader.

Dette betyr at du får basislån og stipend etter dei vanlege satsane også om sommaren, sjølv om du ikkje studerer då. Du kan også få tilleggsstipendet for nedsett funksjonsevne om sommaren.

Du må bruke ein eiga søknad for å få sommarstøtte 

For at du skal ha rett til stipend og lån om sommaren, må du ha ei funksjonsnedsetting som hindrar deg i å ha eller få sommarjobb. Ein lege eller fagspesialist må bekrefte det i søknaden.

Du kan ikkje ha lønna arbeid i det heile tatt om sommaren når du får sommarstøtte, og du må fortsette med studiene hausten etter. Du får altså ikkje støtte om sommaren etter du er ferdig med utdanninga di.

Søknadsfrist

Fristen for å søke om stipend og lån for sommaren 2025 er 15. august 2025.

Gå til søknaden for stipend og lån om sommaren
""

Har du blitt forseinka på grunn av nedsett funksjonsevne?

Dersom læringsmiljøet eller studiesituasjonen ikkje er tilpassa den nedsette funksjonsevna di, kan du i nokre tilfelle få basislånet som stipend medan du tar igjen forseinkinga.

Kan du dokumentere at du har blitt forseinka i utdanninga fordi skolen ikkje har tilrettelagt for deg, mister du ikkje retten til stipend og lån, sjølv om du blir forseinka med meir enn 60 studiepoeng. Då får du også basislånet som stipend i den perioden du bruker på å hente inn forseinkinga.

Vanlegvis kan du berre få lån og stipend i til saman åtte år. Men er du forseinka på grunn av nedsett funksjonsevne, kan du få lån og stipend i meir enn åtte år.

Slik søker du

Aktuelt regelverk