Kva er forseinking?
Vi reknar deg som forseinka dersom du har fått lån eller stipend til ei utdanning du ikkje består.
Det betyr at dersom du stryk på eksamen eller avbryt utdanninga di før eksamen, blir du forseinka.
Du får ikkje gjort om lån til stipend for fag du ikkje består
Kor mykje av lånet ditt som blir gjort om til stipend, er blant anna avhengig av kor mange studiepoeng du består. Stryk du på ein eller fleire eksamenar, får du ikkje stipend for dei faga du ikkje bestod.
Tar du igjen forseinkinga innan fire år, kan du likevel få lån gjort om til stipend.
Blir du forseinka med meir enn 60 studiepoeng, får du ikkje meir lån og stipend
Eit vanleg studieår utgjer 60 studiepoeng om du studerer på fulltid. Dersom du etter kvart blir forseinka med meir enn 60 studiepoeng, mister du retten til lån og stipend frå Lånekassen.
Då må du bestå så mange studiepoeng at forseinkinga igjen blir på 60 studiepoeng eller mindre, før du kan få meir lån og stipend. Du kan få støtte igjen frå semesteret etter at du har tatt igjen forseinkinga. Det vil seie at om du tar igjen forseinkinga ved å bestå utdanning om hausten, kan du først få støtte igjen våren etter.
Er du forseinka med mindre enn 60 studiepoeng, påverkar det ikkje kor mykje lån og stipend du kan få.
Du tar med deg forseinking frå tidlegare
Byter du utdanning, blir ikkje tidlegare forseinking nulla ut. Det som avgjer kor forseinka du er, er kor mange semester du har fått lån og stipend, i forhold til kor mange studiepoeng du har bestått sidan første gong du fekk lån og stipend.
Vi reknar ikkje med stipend du har fått til vidaregåande skole med ungdomsrett eller stipend du har fått til vidaregåande skole for deg under 21 år uten studie- eller yrkeskompetanse. All anna utdanning reknar vi med.
Unntak frå hovudregelen om forseinking
Dersom du er forseinka utover 60 studiepoeng, kan du likevel ha rett til lån og stipend dersom forseinkinga skuldast ei av desse årsakene:
- Du har vore sjuk
- Du har fått barn
- Du har nedsett funksjonsevne, og læringsmiljøet eller studiesituasjonen ved lærestaden er ikkje tilpassa dette.
- Andre særlege grunnar som gjer det vanskeleg å unngå forseinking. Eit eksempel her er koronapandemien.
Du må dokumentere årsaka til at du blei forseinka, for eksempel med legeerklæring. Dersom forseinkinga skuldast koronapandemien, må du sende inn dokumentasjon som viser at det var koronapandemien som var årsaka til at du blei meir enn 60 studiepoeng forseinka.
Nytt lån om du har nedbetalt det gamle
Dersom du har nedbetalt studielånet ditt, kan du frå og med studieåret 2024-2025 få nytt lån og stipend sjølv om du er forseinka med meir enn 60 studiepoeng. Blir du seinare forseinka med meir enn 60 studiepoeng, gjeld dei vanlege reglane for forseinking.