For å kunne få støtte til utdanning i utlandet, må du oppfylle minst eitt av vilkåra under om tilknyting til Noreg. Her finn du informasjon om dei ulike vilkåra og krav om dokumentasjon.
For deg som har budd i Noreg i minst to år i løpet av dei siste fem åra
Du kan ha rett til støtte dersom du har budd i Noreg i ein samanhengande periode på minst to år i løpet av dei siste fem åra før utdanninga startar. Du må ha hatt den faktiske bustaden din i Noreg. Det er ikkje nok å berre ha vore registrert med ei adresse i Folkeregisteret.
Du må sende inn dokumentasjon som viser at du har budd i og hatt hovudsysselsettinga di i Noreg i minst to år samanhengande. Dette kan for eksempel vere dokumentasjon frå arbeidsgivar eller skole.
For deg som har tatt utdanning i Noreg i minst tre år til saman
Du kan ha rett til støtte dersom du har gått på skole i Noreg i minst tre år. Dei tre åra treng ikkje vere samanhengande. Grunnskoleopplæring tel også med.
Du må sende inn karakterutskrift eller annan dokumentasjon som viser perioden du har vore i utdanning. Fekk du støtte av Lånekassen i perioden du tok utdanning i Noreg, treng du ikkje sende inn dokumentasjon. Du må då velje «Eg har sendt inn dokumentasjonen tidlegare» for å komme vidare i søknaden.
For deg som har barn, ektefelle eller forelder som bur i Noreg medan du er i utdanning
Du kan ha rett til støtte dersom du har familie buande i Noreg medan du tar utdanning i utlandet.
Du må sende inn dokumentasjon som viser at du enten bur saman med familiemedlemmen i Noreg når utdanninga startar, eller har budd med familiemedlemmen i minst to år i Noreg eller i utlandet. Du må også dokumentere norskkunnskapar på nivå B1 etter Det felles europeiske rammeverket for språk.
For deg som er EØS-/EFTA-grensearbeidstakar eller familiemedlem til ein EØS-/EFTA-grensearbeidstakar
Du må sende inn dokumentasjon som viser at du er EØS- eller EFTA-grensearbeidstakar eller i familie med ein EØS- eller EFTA-grensearbeidstakar som har arbeidd i Noreg i minst to av dei siste fem åra. Dersom du er familiemedlem av EØS- eller EFTA-grensearbeidstakar, må du dokumentere å ha budd i Norden i minst to av dei siste fem åra. Du må også dokumentere norskkunnskapar på nivå B1 etter Det felles europeiske rammeverket for språk.
Ein grensearbeidar er ein person som bur i eitt EØS-land og arbeider i eit anna, og som reiser heim til busettingslandet dagleg eller minst éin gong per veke.
Oppfyller du ikkje nokre av desse vilkåra, men føler likevel at du har ei sterk tilknyting til Noreg?
Då kan vi gjere ei samla skjønnsmessig vurdering av situasjonen din. Når vi skal vurdere dette, legg vi særleg vekt på kunnskapar i norsk.
Du må sende inn alt du har av dokumentasjon på tilknytinga di. Dette kan vere eit brev der du fortel om tilknytinga di til Noreg, og i tillegg dokumenterer kva forhold som knyter deg til Noreg. Du må også sende inn diplom for bestått norsktest på nivå B1 eller annan dokumentasjon som viser at du har tilsvarande gode norskkunnskapar.
Krav om søkerens tilknytning til Noreg ved utdanning i utlandet eller nettstudier