Tolkninga og bruken av regelverket som klagenemnda gjer, er retningsgivande for Lånekassen si behandling av tilsvarande saker.
Klagefrist og saksgang
Dersom Lånekassen har gjort eit vedtak som du meiner er feil i forhold til regelverket, kan du sende inn ei skriftleg og underskriven klage til Lånekassen. Du må klage innan tre veker etter at meldinga om vedtaket er komme fram til deg. Du kan ikkje klage på forskriftene, berre på bruken av dei. Les meir om korleis du klagar og saksgangen.
Medlemmer i nemnda
Medlemmene blir valde for tre år om gongen, bortsett frå representantane for elevar og studentar, som blir valde for eitt år om gongen.
Medlem |
Verv |
---|---|
Gisle Johnson |
Leiar |
Ida Hogneland |
Nestleiar / vararepresentant for leiar |
Arild Riege |
Vararepresentant |
Oline Sæther (NSO) |
Fast elev/studentrepresentant |
Øyvind Bryhn Pettersen (ANSA) |
Vararepresentant for elev/student |
Sekretær for klagenemnda
Fredrik Wie
Møtedatoar for klagenemnda hausten 2024
- Måndag 30. september
- Måndag 28. oktober
- Måndag 25. november
- Måndag 16. desember