Svein Morten, seniorutviklar
– Etter å ha vore utleidd konsulent i nokre år ville eg jobbe internt for ei verksemd med eit stort fagmiljø. Lånekassen har store IT-system og spennande faglege utfordringar, er framoverlent på teknologi, og er opptatt av å fornye seg. Å jobbe med ny teknologi er sjølvsagt kult, men vi gjer ikkje modernisering berre for teknologien sin del. Lånekassen har ei stor systemportefølje med system i alle livets fasar. Dei kommande åra skal vi bygge nye system, og modernisere og vedlikehalde eksisterande system. I sum ei samansett, interessant og utfordrande oppgåve.
Eg synst det er spesielt spennande at Lånekassen behandlar dei aller fleste søknadane maskinelt, til tross for ein enormt stor kundemasse og eit relativt komplekst regelverk. Verksemda er ikkje veldig stor, og det gjer at vi har moglegheita til å kaste oss rundt utan alt for mykje byråkrati – vi er litt lettbeinte.
I utviklingsteamet vårt køyrer vi målingar etter kvar sprint, og på work/life-balansen ligg vi på grønt. Vi har eit høgt tempo, og det er mykje som skjer, men kulturen er sånn at det er forståing for at folk loggar av og har eit liv utanfor jobben.