Hanne, stab for styring og økonomi
– Å jobbe for ei verksemd som har eit så konkret samfunnsoppdrag som å gi befolkninga moglegheita til å bli utdanna, er svært meiningsfullt for meg.
Lånekassen mogleggjer sosial mobilitet og personleg utvikling i tillegg til at ein får ei utdanna befolkning, og dette er avgjerande for at samfunnet skal leve vidare. Det høyrest kanskje svulstig ut, men kunnskap er ein viktig forutsetning for demokratiet.
I tillegg har Lånekassen eit sosialt og godt arbeidsmiljø, og eg har flinke, inkluderande og kunnskapsrike folk rundt meg på kontoret. Eg opplever også Lånekassen som framoverlente, ein tenker ofte på offentleg forvaltning som litt «satt», men Lånekassen er gode på å tenke utradisjonelt, kaste seg på og til å teste ut ting!