Mogelgheiter i Lånekassen
Vi trenger trivelige, engasjerte og dyktige medarbeidere som samhandler tett på tvers av fagområder.
Samfunnsoppdraget
Vi har eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag: vi gir alle like moglegheiter til å ta utdanning. Kunnskap er ein viktig forutsetning for utvikling og demokrati. I over 75 år har Lånekassen vore ein bærebjelke for det samfunnet vi har i dag – det skal vi også være i framtida.
Mangfaldig og inkluderande arbeidsliv
Det skal vere godt å vere på jobb i Lånekassen. Hos oss vil vi kvarandre vel, og vi er opptatt av trivsel, både i arbeidet, mellom kollegaer og etter arbeidstid.
Vi har ulike sosiale grupper, som gå-gruppe, yoga, filmklubb, bootcamp og paddle, og felles sosiale arrangementer, avhengig av kva for kontorsted vi jobbar på.
Vi er sikre på at dei beste løysingane blir skapte av folk med ulik bakgrunn, perspektiver og erfaringar, og som har det gøy og triveleg saman.
Hos oss er det takhøgde og «grøne hattar», som gjer oss til ein effektiv masseforvaltar av studiestøtta, og ein tillitsfull, fagleg rådgivar for våre eigarar.
Godkjent lærebedrift
Lånekassen er godkjent som lærebedrift i desse faga:
- Service- og administrasjon
- IT-utviklar
- IT-drift
Er dette aktuelt for deg, kan du søkje på lærlingstillinger når vi kunngjer dei. Du finn oversikt over statlege lærlingverksemder og søknadsskjema hos OK stat.