Universitets- og høgskoleutdanning og andre utdanningar for elevar og studentar uten ungdomsrett
For dei fleste er ikkje vårsemesteret ferdig enno. Men det kan likevel vere lurt å tenke på neste studieår.
Dersom du har studieplass i 2021–2022 i Noreg eller i utlandet, kan du søke om lån og stipend allereie no.
Dersom du skal studere i utlandet og er usikker på om du kan reise til studiestaden, anbefaler vi at du ventar med å søke om lån og stipend til du er sikker på at du kan reise.
Gå til utdanninga di, og sjekk kor mykje du kan få i lån og stipend. Her finn du også lenke til søknaden for neste studieår.
- universitets- og høgskoleutdanning
- fagskoleutdanning
- folkehøgskoleutdanning
- grunnskoleopplæring for vaksne
- vidaregåande opplæring for vaksne
- andre utdanningar utan ungdomsrett
Mange har ikke fått studieplass ennå, for eksempel førsteårsstudenter. Har du ikke studieplass, må du vente med å søke til du har fått det.
Behandlingstid og utbetaling
Dei fleste som søker, får svar i løpet av nokre dagar. Det er likevel nokre søknader som må bli vurdert av ein saksbehandlar, og då tar det lengre tid. Dei sakene som må bli behandla av ein saksbehandlar, hamnar i ein kø. Om sommaren og hausten er det veldig mange som søker, så på den tida er køen lengre enn den er no på våren.
Her kan du lese meir om kor lang behandlingstida er no.
Før du kan få pengane utbetalt, er det nokre vilkår som må vere oppfylte. På Dine sider ser du både kva dato du tidlegast kan få pengane, og du kan du følge med på om alle vilkåra er oppfylte.
Lurt å ha dokumentasjonen klar
Studerer du i utlandet? Sjekk kva dokumentasjon du må sende inn, enten du er førsteårsstudent eller i gang med ei utdanning.
Elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan ikkje søke enno
Skal du ta vidaregåande opplæring i studieåret 2021–2022, må du vente med å søke om stipend og lån til du har fått skoleplass og har takka ja til den.
Sjekk kor mykje du kan få i stipend neste studieår.
Lærlingar må ha godkjend kontrakt
Du må vente med å søke om stipend frå Lånekassen til lærekontrakten er godkjend av arbeidsgivaren din, og av fagopplæringskontoret.