No kjem det nye straumstipendet

Publisert: 09.12.2022
No kjem straumstipend til studentar som betaler for stram høsten 2022. Studentane får ein e-post fra Lånekassen når dei kan søke.

Stipendet er på 1 500 kroner, og kjem i tillegg til den ordinære straumstøtta alle hushaldingar får. Straumstipendet er for studentar som bur borte, og som betaler for straum utanom husleiga.

– Eg er glad for at vi også har fått på plass ei støtte til studentane denne hausten. Den nye økonomiske situasjonen som det siste året har treft heile samfunnet, har også ramma studentane hardt. Høge straumprisar merkast godt på lommeboka. Derfor har vi i to omgangar gitt ekstra straumstøtte til studentane, for å hjelpa dei over kneika her og no, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i ei presssemelding.

Slik søker du

Lånekassen sender e-post til studentane når det er opna for å søke om straumstipendet, og studentane kan søke så fort dei har fått e-posten.

– Rundt 230 000 studentar vil i løpet av dei nærmaste dagane få e-post med tilbod om å søke om straumstipendet. Når dei har fått denne e-posten, kan dei logge seg inn på lanekassen.no og søke. Då må dei stadfeste at dei har straumutgifter som ikkje er inkluderte i husleiga, og dei må kunne dokumentere dette til Lånekassen i ettertid. Stipendet blir utbetalt eit par dagar etter at studentane har signert avtalen, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.


Søknadsfrist 15. januar 2023

Straumutgiftene må vere innanfor haustsemesteret 2022. Kor mykje du betaler, eller om straumutgiftene dine har auka, har ikkje betyding for om du kan søke om stipendet.
Ingen skal legge ved dokumentasjon på at dei har betalt for straum når dei søker, men ein kan bli bedd om å dokumentere med betalt straumrekning seinare. Viser det seg at ein ikkje hadde rett til straumstipendet likevel, blir stipendet gjort om til eit lån som må betalast tilbake.

Fristen for å søke er 15. januar 2023.

Også for våren 2022 kunne studentar med straumutgifter, få straumstipend frå Lånekassen. 122 500 studentar fekk straumstipend då. Til saman blei det utbetalt 367,6 millionar kroner.

Les meir om straumstipend til studentar og elevar over 18 år på lanekassen.no

Faktaboks straumstipend:

  • Studentar og elevar over 18 år som bur borte og som betaler for straum i tillegg til husleige haustsemesteret 2022, kan søke om straumstipend frå Lånekassen. Dei må få lån og stipend i same periode for å ha rett til stipendet. Haustsemesteret blir rekna frå 16. august 2022 til 15. januar 2023.
  • Straumstipendet er på 1 500 kroner, og er ei eingongsutbetaling.
  • Fristen for å søke er 15. januar 2023.
Rundt 230 000 studentar vil i løpet av dei nærmaste dagane få e-post med tilbod om å søke om straumstipendet.
Anette Bjerke
Kommunikasjonsdirektør i Lånekassen