Forslag i statsbudsjettet 2024 som påverkar kundar i Lånekassen

Publisert: 09.10.2023
Fredag 6. oktober la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2024. Her kan du lese om forslaga som er viktige for kundar i Lånekassen.

Forslaget skal behandlast i Stortinget, og blir eventuelt vedtatt i desember. Dersom budsjettet blir vedtatt, vil dei fleste endringane gjelde frå og med studieåret 2024-2025.

Lågare aldersgrense for lån og stipend til vidaregåande opplæring

Våren 2023 vedtok Stortinget ein ny opplæringslov som har verknad frå skoleåret 2024–2025. Eit av måla med den nye loven er at fleire enn i dag skal fullføre vidaregåande opplæring.

I dag får elevar i vanleg vidaregåande opplæring primært utdanningsstøtte i form av stipend, medan studentar i høgare utdanning primært kan søke om lån. Det betyr blant anna at dei som fullfører vidaregåande opplæring før dei fyller 25 år, berre kan søke om stipend. Frå studieåret 2024-2025, vil dei som skal fullføre vidaregåande opplæring frå dei har fylt 21 år, kunne søke om stipend og lån etter dei same reglane som studentar i høgare utdanning.

Elevar på vidaregåande kan få meir i utstyrsstipend

Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke utgifter til nødvendig utstyr for elevar i vidaregåande opplæring. Kor mykje elevane får i utstyrsstipend kjem an på kva for utdanningsprogram dei tar.

Regjeringa foreslår å auke satsane for utstyrsstipend med 9,5 prosent utover forventa prisvekst i 2024. Dersom forslaget går gjennom, betyr det at for eksempel elevar som tar idrettsfag vil få 675 kroner meir, elevar som tar elektro og datateknologi vil få 497 kroner meir, og bygg- og anleggsteknikk vil få 843 kroner meir.

Bortebuarstipendet kan auke med ti prosent

Bortebuarstipendet skal bidra til å dekke buutgifter når ein elev må flytte heimanfrå for å ta vidaregåande opplæring.

Regjeringa foreslår å auke satsen for bortebuarstipendet med ti prosent utover forventa prisvekst i 2024. Dette betyr at stipendet vil auke frå 5 848 til 6 677 kvar månad.

Krav om å begynne på ei gradsutdanning i utlandet etter lengre språkkurs

Studentar som planlegg å studere i eit ikkje-engelskspråkleg land utanfor Skandinavia, kan få lån og stipend til eit språkkurs i inntil to semester. Støtta blir utbetalt som lån, men inntil 40 prosent av lånet kan bli gjort om til stipend dersom studenten består språkkurset.

Fram til studieåret 2017-2018 var det eit krav om at studenten måtte begynne på ei gradsutdanning i utlandet etter fullført språkkurs, for å få delar av lånet gjort om til stipend. Regjeringa foreslår å gjeninnføre dette kravet, for å få fleire studentar til å fullføre ein grad i utlandet.

Utviding i stipend til studentar i utvalde land

For studieåret 2022-2023 ble det oppretta eit nytt rekrutteringsstipend til utvekslingsstudentar. I studieåret 2023-2024 er stipendet på 2 675 kroner per månad, og kan bli gitt i inntil ti månader til studentar på utvekslingsopphald i Brasil, India, Kina, Japan, Sør-Korea og Sør-Afrika. Russland var opphavleg eit av landa stipendet gjaldt for, men på grunn av krigen har det ikkje blitt gitt studiestøtte til studieopphald i Russland dei to siste studieåra.

Regjeringa foreslår å utvide stipendet til å også gjelde studentar som ønsker å ta ein heil grad i utlandet, for å motivere fleire til å studere i eit av dei prioriterte samarbeidslanda. Forslaget går i tillegg ut på å auke stipendet med 1 500 kroner. Stipendet vil då vere på 4 277 kroner i månaden, utan å bli behovsprøvd. Stipendet kjem i tillegg til den vanlege studiestøtta.

Lån og stipend til deltidsutdanning i sørsamisk i utlandet

Det er ønskeleg at fleire skal studere sørsamisk for å ivareta språket. Utdanning i sørsamisk blir tilbode som deltidsutdanning i Noreg og Sverige. For å få lån og stipend til utdanning i utlandet, må utdanninga vere på fulltid. Det er foreslått å gjere unntak for kravet til fulltidsutdanning for sørsamisk språkutdanning, slik at studentar som tar deltidsutdanning i sørsamisk i utlandet, kan få lån og stipend.

Lån for vaksne som tar kortare utdanningar

Korte vidareutdanningar gir ikkje rett til lån og stipend i dag. Kunnskapsdepartementet vil utvide utdanningsstøtteordningane frå våren 2025 ved at vaksne studentar som tar kortare utdanningstilbod tilpassa vaksne i arbeid, kan få eit lån utan stipenddel, med løpande rente. Størrelsen på lånet vil vere avhengig av omfanget av utdanninga i studiepoeng, og ikkje av kor lang tid studenten bruker på utdanninga.

Lån og stipend ved forseinking for studentar som har betalt ned gjeld

I dag må studentar som er meir enn 60 studiepoeng forseinking frå tidlegare utdanning, hente inn forseinking utover dette for å kunne få meir lån og stipend. Det kan gjerast unntak dersom forseinkinga er på grunn av spesielle årsaker, som sjukdom eller fødsel. Om studenten har nedbetalt gjelda, er ikkje med i ei slik vurdering i dag.

Sidan kravet om at studenten ikkje kan vere for mykje forseinka blant anna er grunngitt med at studenten ikkje skal få for høg gjeld, er det foreslått at studentar som har betalt ned tidlegare studiegjeld, kan få lån og stipend utan å måtte hente inn forseinking.

Innføre rett til lån og stipend for utdanning som blir tilboden frå NAV

Hausten 2021 blei ordningane for lån og stipend endra, slik at deltakarar i program som «Menn i helse» kunne få lån og stipend i periodar der dei ikkje fekk livsopphaldsytingar frå Nav samtidig. I 2022 vedtok Stortinget at annan spesielt tilrettelagd utdanning for brukarar hos Nav også kan gi rett til lån og stipend frå Lånekassen. Denne endringa trer i kraft frå hausten 2024, og gjeld vaksne som tar vidaregåande opplæring.

Sletting av gjeld for lærarar med utdanning i samisk og kvensk

Lærarar som har tatt minst 60 studiepoeng i kvensk eller samisk språk som ein del av samisk grunnskolelærarutdanning, samisk barnehagelærarutdanning, grunnskolelærarutdanning eller lektorutdanning, kan få sletta inntil kr 50 000 kroner av gjelda. Ordninga gjeld også for lærarar som tar minst 60 studiepoeng i kvensk eller samisk språk i tillegg til praktisk-pedagogisk utdanning og barnehagelærarutdanning.

Som eit verkemiddel for at fleire tar samisk eller kvensk språk i tillegg til ei lærarutdanning, foreslår regjeringa å utvide ordninga. Dei som tar lektorutdanning for trinn 8–13, ein av grunnskolelærarutdanningane og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, får same rett til å få sletta gjeld også når studiepoenga i kvensk eller eit samisk språk er tatt i tillegg til profesjonsutdanninga.

Sletting av gjeld for lærarar med fullført lærarutdanning i praktiske og estetiske fag

I 2018 blei det oppretta ei ordning for sletting av gjeld for lærarar som har fullført grunnskolelærar- eller lektorutdanning på normert tid og jobba som lærar i ein oppteningsperiode. Dette skjedde i samanheng med opprettinga av den femårige grunnskolelærarutdanninga. Sidan dette har det blitt oppretta ei femårig integrert lærarutdanning i praktiske og estetiske fag (LUPE), som erstattar den treårige faglærarutdanninga. Sidan denne lærarutdanninga har blitt ei femårig utdanning, vil den også bli omfatta av denne ordninga for sletting av gjeld.

Satsane for lån og stipend blir justerte

Regjeringa foreslår at alle satsane for utdanningsstøtte i studieåret 2024–2025 blir justerte med 3,8 prosent. Unntaka er utstyrsstipendet, som blir auka med 9,5 prosent, og bortebuarstipendet, som blir auka med 10 prosent.

På side 214-232 i dette dokumentet finn du alle forslaga i statsbudsjettet som omhandlar Lånekassen (PDF, regjeringen.no).