Den nye lista, som gjeld for studieåret 2022-2023, er utarbeida av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), og bestemmer kva for universitet som er godkjente for utvida skolepengestipend.
Påverkar primært engelskspråklege lærestader
Lista over lærestader som gir rett til utvida stipend blir oppdatert kvart år, men om dette forslaget blir vedtatt vil lista bli redusert frå 146 til 75 lærestader.
Lærestadene som blir påverka er for det meste universitet i de engelskspråklege landa USA, Storbritannia og Australia som krev ein høg sum skolepengar.
Studentar som får utvida stipend i dag blir ikkje påverka
Studentar som allereie har begynt på ei utdanning ved eit av lærestadene som blir påverka av forslaget, kan fullføre utdanninga si med rett til utvida stipend, også om utdanningsløpet blir fullført etter forslaget trer i kraft.
Mister ikkje rett til ordinært lån og stipend
Framtidige studentar vil framleis ha rett til lån og stipend om dei studerer ved desse lærestadene, men mister retten til det utvida stipendet til skolepengar, dersom forslaget blir vedtatt.
Les meir
På side 234-252 i dette dokumentet finn du alle forslaga i statsbudsjettet som omhandlar Lånekassen (regjeringen.no).