Det er ein nedgang på 0,009 prosentpoeng frå dagens flytande rente på 5,242 prosent.
Studielånsrenta blir fastsett med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastsett rentesatsane i Lånekassen. Flytande rente som gjeld frå 1. november er basert på marknadsrentene i juli og august.
751 500 av Lånekassens tilbakebetalarar har flytande rente på studielånet sitt, medan 15 000 har fast rente.
Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.
På denne sida kan du følge renteutviklinga.