Det er ein nedgang på 0,039 prosentpoeng frå dagens rente, som er 5,214 prosent.
Basert på marknadsrentene i november og desember
Studielånsrenta blir fastsett med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastsett rentesatsane i Lånekassen. Flytande rente som gjeld frå 1. mars er basert på marknadsrentene i november og desember.
Dei aller fleste har flytande rente på studielånet
Lånekassen har 1,2 millionar kundar som enten får studiestøtte eller som betaler ned på studiegjelda si. 809 300 av dei er tilbakebetalarar. 793 000 av dei har flytande rente, medan 16 300 har fastrente.
Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på lånet sitt. Dei som betaler ned på lånet, kan søke om fastrente om dei ønsker. Det er seks moglegheiter i året til å binde renta. Fastrentene som gjeld frå 1. mars, blir offentlege 10. februar.
Les mer om hvordan renten i Lånekassen fastsettes.
Her kan du følge renteutviklingen.