Fastrentene på studielån går opp

Publisert: 10.04.2025
1. mai stig fastrentene på studielån noko, men dei held fram med å vere lågare enn den flytande studielånsrenta.

Frå 1. mai vil fastrentene på studielån vere:

  • 4,812 prosent for tre års bindingstid (opp 0,047 prosentpoeng)
  • 4,745 prosent for fem års bindingstid (opp 0,038 prosentpoeng)
  • 4,736 prosent for ti års bindingstid (opp 0,048 prosentpoeng)

Flytande rente som gjeld frå 1. mai, vil vere 5,156 prosent.

Dei som ønsker å binde studielånsrenta frå 1. mai, kan gjere det i perioden 10.–17. april. Ein søker om fastrente ved å logge seg inn på lanekassen.no.

Basert på dei beste bustadlånsrentene

Rentene i Lånekassen er basert på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.

Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på lånet sitt. Dei som ønsker, kan søke om fastrente i tre, fem eller ti år. Det er seks moglegheiter i året for å binde renta.

Dei aller fleste har flytande rente

796 000 personar betaler ned på studielånet sitt no, av disse har 781 000 flytande rente.


Les meir: