Fastrentene med tre og fem års bindingstid går opp, medan fastrenta med 10 års bindingstid går litt ned. Fastrentene som gjeld frå 1. september 2021 er:
- 3 år: 1,933 prosent (opp med 0,138 prosentpoeng)
- 5 år: 2,257 prosent (opp med 0,108 prosentpoeng)
- 10 år: 2,550 prosent (ned med 0,059 prosentpoeng)
– Ved årsskiftet hadde vi historisk låge fastrenter i Lånekassen, men sidan mars har fastrentene auka. Samtidig ser vi at den flytande renta framleis er historisk låg, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.
Den flytande renta som gjeld frå 1. september er på 1,342 prosent. Dette er den lågaste renta i Lånekassen si historie.
Ni av ti har flytande rente
Ni av ti som betalar ned på studielånet sitt, har flytande rente. 677 100 kundar har flytande rente, medan 45 200 kundar har fast rente.
Rentene i Lånekassen er marknadsstyrt og er fastsett på grunnlag av gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånstilboda i marknaden (basisrenta). Frå basisrenta vert det deretter trekt 0,15 prosentpoeng, som utgjer Lånekassen sine renter.
Alle nye får automatisk flytande rente
Alle nye tilbakebetalarar får flytande rente på studielånet, men dei som ynskjer, kan søkje om å binde renta for tre, fem eller ti år.
Dei som ynskjer å binde renta frå 1. september, gjer det i perioden 10.-17. august på Dine sider på lanekassen.no
Les meir om korleis renta i Lånekassen vert fastsett og følg renteutviklinga her.