Lånekassens fastrenter som gjeld frå 1. juli, vil vere:
- 3 års bindingstid: 4,784 prosent (opp med 0,106 prosentpoeng)
- 5 års bindingstid: 4,630 prosent (opp med 0,105 prosentpoeng)
- 10 års bindingstid: 4,525 prosent (opp med 0,067 prosentpoeng)
Flytande rente som gjeld frå 1. juli er 5,214 prosent.
Seks moglegheiter i året til å søke om fastrente
Alle som begynner å betale på studielånet, får automatisk flytande rente. Det er mogleg å søke om fastrente seks gonger i året.
I underkant av 800 000 kundar betaler ned på studielånet i dag. 768 000 har flytande rente, medan 15 000 har valt fastrente.
Basert på bustadlånsrentene
Rentene blir fastsette ut frå gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.
Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastset Lånekassens rentesatsar.
Kundar som ønsker å binde renta frå 1. juli, kan gjere dette i perioden 10.–17. juni. Ein søker om fastrente på lanekassen.no.