Endringar for elevar og studentar studieåret 2025–2026

Publisert: 07.03.2025
Kvart år blir det gjort endringar i reglane som gjeld lån og stipend for elevar og studentar. Her oppsummerer vi dei største endringane for dei som søker om lån og stipend kommande studieår.

Justerte satsar for stipend og lån

Dei fleste støttesatsane aukar med 2,9 prosent. Basislånet, som er det vanlege studielånet, aukar frå 13 790 kroner per månad til 15 169 kroner per månad.

Auka stipend andel ved bestått grad og redusert stipendandel ved beståtte studiepoeng

Studentar som mottar basislån, får i dag gjort om inntil 40 prosent av lånet til stipend etter at dei har fullført ein grad. Av desse 40 prosentane, er 25 prosent for studiepoeng studenten har bestått, og 15 prosent er for å ha fullført ein grad.

Frå studieåret 2025–2026 blir denne fordelinga bytt om. Studentar får no gjort om 25 prosent av lånet dersom dei fullfører ein grad, medan 15 prosent av omgjeringa er for studiepoeng studenten har bestått. Det vil framleis vere mogleg å få gjort om inntil 40 prosent av lånet til stipend.

Målet med denne endringa er at fleire studentar skal velje gradsutdanning, og fullføre gradene dei startar på.

Meir omgjering for enkelte vidareutdanningar

Studentar som tar ein grad, kan få omgjering på grunn av den oppnådde graden. Enkelte utdanningar gir også rett til gradsomgjering, sjølv om dei ikkje fører fram til ein grad.

Frå 2025–2026 blir det fleire som får rett til gradsomgjering, sjølv om dei tar ei utdanning som ikkje fører til ein grad. Dette gjeld søkarar som må ta vidareutdanning for å få autorisasjon etter helsepersonellova.

Det gjeld for eksempel dei som tar ein bachelor i osteopati, og som må ta eit tilleggssår med vidareutdanning før dei kan få autorisasjon. Desse kan frå 2025–2026 få gradsomgjering for alle dei fire åra. Det gjeld også for eksempel dei som har sjukepleiarutdanning frå utanfor EØS-området, og som tar eit år med vidareutdanning for å få autorisasjon som sjukepleiar i Noreg.