Utveksling på vidaregåande
Kva typar utdanningar er godkjente for stipend og lån frå Lånekassen?
Lånekassen gir stipend og lån til elevar som tar utveksling på vidaregåande, dersom dei er tatt opp i ein av desse to ordningane:
- samarbeidsprogram mellom norsk vidaregåande skole og utanlandsk skole som er godkjent av hkdir.
- utveksling gjennom ein organisasjon som varer i 1 år, og som erstattar Vg2. Utvekslingsorganisasjonen som tilbyr utvekslingsprogrammet skal vere godkjent av hkdir.
Utvekslingsopphald som er kortare enn eitt skoleår gir rett til stipend og lån berre om det er via skolen eller Erasmus+.