Utbetalingsplan til elevar som går på folkehøgskole

Her får du oversikt over kva ein folkehøgskoleelev får utbetalt frå Lånekassen. Satsane gjeld for studieåret 2025-2026.

Elevar ved folkehøgskolar får basislån i inntil ti månedar. For studieåret 2025-2026 kan elevane låne inntil 151 690 kroner for heile studieåret. 40 prosent av lånet kan bli omgjort til stipend. Elevane får ikkje lån til skolepengar. 

Nedanfor finn du oversikt over kva elevane får utbetalt frå Lånekassen. Dette er også informasjon som elevane finn på Dine sider. 

 

Utbetaling for høstsemesteret 2025

15. august  30 338 kroner
15. september  11 377 kroner
15. oktober 11 377 kroner
15. november  11 377 kroner
15. desember  11 377 kroner

Utbetaling for vårsemesteret 2025 

15. januar  30 338 kroner
15. februar  11 377 kroner
15. mars  11 377 kroner
15. april  11 377 kroner
15. mai  11 377 kroner

 

Lån og stipend til elevar som går på folkehøgskole

Elevane kan ikkje søke før dei har fått skoleplass, og dei kan tidlegast søke frå midten av mai.
Siste frist for å søke er:

- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret

- 15. mars for vårsemesteret