Sletting av gjeld for lærarar

Les meir om lærarordningane

På kundesidane kan du lese meir om vilkåra for sletting av gjeld, kor mykje dei kan få slettet, og korleis dei søker.

Kven kan ha rett til å få sletta studiegjeld?

Lånekassen har tre ulike ordningar retta mot nyutdanna lærarar og lektorar. Etter utdanninga kan dei ha rett til å få sletta delar av studiegjelda si.

Nyutdanna lærarar kan få sletta gjeld etter tre år i jobb

Nyutdanna lærarar som har fullført femårig grunnskolelærarutdanning, lærararutdanning i praktiske og estetiske fag, eller lektorutdanning, kan ha rett til å få sletta delar av studiegjelda si om dei: 

  • fullfører utdanninga på normert tid, og 
  • jobbar som lærar i tre av dei første seks åra etter fullført utdanning.

Kor mykje av studiegjelda som kan slettast, avheng av kva for lærarutdanning hen har fullført. Nyutdanna lærarar som jobbar som lærar i Nordland, Troms eller Finnmark, kan ha rett til å få sletta meir av studiegjelda si. 

Lærarutdanning med spesialisering i realfag, framandspråk, samisk eller kvensk

Studentar som har fullført lærarutdanning med spesialisering i realfag eller framandspråk, kan ha rett til å få sletta opptil 50 000 kroner av studiegjelda si. 

Ordninga gjed også for lærarar, lektorar og barnehagelærarar som har 60 studiepoeng eller meir i samisk eller kvensk språk, også når studiepoenga er tatt i tillegg til profesjonsutdanninga. 

Grunnskolelærar i Finnmark eller Nord-Troms

Grunnskolelærarar som jobbar i Finnmark eller Nord-Troms, kan ha rett til å få sletta 20 000 kroner av studiegjelda si kvart år. Det gjeld kvalifiserte lærarar i Finnmark og sju kommunar i Troms: Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Karlsøy.