Kva skal eg rapportere?

At lærestadene rapporterer er viktig for at elevane og studentane får riktig utdanningsstøtte.

Kva skal eg rapportere?

Kvifor skal eg rapportere til Lånekassen?

Lærestadene er pliktige å sende oss informasjon vi har bruk for i saksbehandlinga.

Informasjonen blir brukt til å behandle søknader om lån og stipend

For at elevane skal få utbetalte korrekt stipend og lån frå Lånekassen, er vi i nokre tilfelle avhengige av ekstra informasjon frå lærestadene.

Dette gjeld for eksempel kva utdanningar elevar og studentar kan søke om stipend og lån til, å få bekrefta informasjon elevane har oppgitt i søknaden, eller at vi får beskjed om at elevane faktisk møter til undervisning.

Korleis rapporterer eg?

I dei fleste tilfelle skal du rapportere i Arbeidsflata for lærestadene, som er ein sikker og automatisert kanal for informasjonsutveksling mellom lærestadene og Lånekassen.

Gå til arbeidsflata

Slik er prosessen når eleven eller studenten søker om lån og stipend

Eleven fyller ut søknad om lån og stipend på lanekassen.no, og sender denne inn til Lånekassen.

Viss Lånekassen treng fleire opplysningar, eller må få bekrefta at opplysningane som eleven eller studenten har oppgitt i søknaden er korrekte, blir søknaden sendt til arbeidsflata.

Lærestaden må opne søknaden og sjekke at opplysningane som eleven eller studenten har oppgitt stemmer, og eventuelt legge til andre opplysningar.

Etter at Lånekassen har behandla ferdig søknaden til eleven eller studenten, og vedkommande har fått innvilga lån og stipend, får lærestadene ei ny oppgåve i arbeidsflata: «Registrere gyldig frammøte».

 

For at eleven eller studenten skal få utbetalt lån og stipend, må Lånekassen få bekrefta at vedkommande har møtt til undervisning. Når lærestaden har bekrefta at eleven/studenten har møtt til undervisning, kan Lånekassen betale ut lån og stipend.