Generelt om klargjering av søknader for vaksne elevar
Oppgi start- og sluttdato for heile den teoretiske utdanninga
For å berekne riktig lån og stipend, må Lånekassen vite når heile den teoretiske utdanninga startar og sluttar, sjølv om perioden strekk seg over fleire studieår. Det er ikkje tilstrekkeleg å gi opplysningar om inneverande år dersom eleven tar opplæring over fleire år.
Eksempel: Dersom eleven for eksempel startar på ei toårig utdanning i august 2024, og planlegg å avslutte i juni 2026, skal startdato vere i august 2024, og sluttdato vere i juni 2026. Dersom eleven endrar planer undervegs, er det viktig at de melder om endringar i sluttdato, og/eller fag. Fagopplæring i skole og opplæring i bedrift er praktisk utdanning, og skal ikkje tas med i klargjering av søknaden.
Oppgi elevens avsluttande nivå
Det er viktig at de oppgir kva nivå eleven planlegg å avslutte den teoretiske delen av utdanninga si på (Vg1, Vg2 eller Vg3).
Dersom eleven skal ta gjennomgåande fag, må du oppgi høgaste nivå for faget. Eksempel: dersom eleven tar norsk studiespesialisering, må du velje avsluttande nivå Vg3.
Norsk for elever som tar studiespesialisering
For å ha rett til lån og stipend til norskfaget, må eleven ta norsk på Vg1, Vg2 og Vg3. Når de klargjer søknaden i arbeidsflata må de:
- Oppgi at eleven sitt avsluttande nivå er Vg3.
- hake av «Norsk» på Vg1, Vg2 og Vg3
Meld frå om endringar så raskt som mogleg
Endringar i opplæringa kan få konsekvensar for søkaren sin rett til lån og stipend og for omgjering av lån til stipend. Derfor må de melde frå om endringar så raskt som mogleg. De må melde frå dersom søkaren:
- endrar start- og sluttdato
- trekk seg frå fag
- melder seg på nye/fleire fag
- får fag godkjent som realkompetanse
- får fritak for fag
For å melde frå om endringar, søker de opp eleven i det grøne feltet på forsida av arbeidsflata, og vel «Endre studiebelastning».