Kva er klargjering av søknader?
I nokre tilfelle treng Lånekassen opplysningar for å kunne behandle eleven sin søknad om stipend og lån.
Dersom Lånekassen treng opplysningar, eller må få stadfesta opplysningane som er oppgitt av eleven i søknaden, vil du få oppgåva «Klargjering av lån- og stipendsøknader» i arbeidsflata.
Vi treng desse opplysningane for å kunne ferdigbehandle eleven sin søknad om lån og stipend.
Når lærestaden får «Klargjering av lån- og stipendsøknad», fyller ut og sender denne tilbake til oss, er søknaden til eleven klar for å bli behandla. Nokre søknader vil gå gjennom systemet vårt automatisk, medan andre må behandlast manuelt av ein saksbehandlar.
Dette er noko av det du kan bli bedd om å gi informasjon om i ein klargjeringssøknad:
- Bustatus
- Studiebelastning
- Kva utdanning eleven skal ta