Tidlegare var det om eleven hadde ungdomsrett eller ikkje som avgjorde kva reglar eleven fikk lån og stipend etter. Frå hausten 2024 vert det bestemt ut frå elevens alder, og om eleven har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Det skal sørge for at fleire elevar får pengar til å dekke livsopphald.
Elevar som har fått utdanningsstøtte etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring i studieåret 2023-2024, kan vere med i ein overgangsordning. Dette gjeld elevar som hadde ungdomsrett i studieåret 2023-2024.
Eleven er med i ein overgangsordning dersom alle punkta gjeld:
- Eleven fyller 21 til 24 år i løpet av 2024
- Eleven har ikkje studie- eller yrkeskompetanse. Det betyr at eleven ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning.
- Eleven fikk utstyrsstipend, andre stipend eller lån etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring (del 2 i forskrift om utdanningsstøtte) i studieåret 2023-2024.
Elevar i overgangsordninga søker lån og stipend etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring fram til oppnådd studie- eller yrkeskompetanse eller seinast ut studieåret 2025-2026.
For elevar som går førebuande opplæring for vaksne gjeld overgangsordninga fram til fullført førebuande opplæring eller seinast ut studieåret 2025-2026.
Tidlegare måtte eleven sjølv velje rett søknad. Nå blir eleven automatisk sendt til rett søknad.