I januar er det mange studentar som kontaktar Lånekassen for å høyre om når dei får utbetalt pengane sine.
For å få utbetalt lån og stipend frå Lånekassen, må studenten både ha gyldig opptak ved lærestaden, og ha betalt semesteravgifta.
Nokre lærestader må også rapportere frammøte på studenten i arbeidsflata før utbetalinga kan starte.
Når desse utbetalingsvilkåra er oppfylte, får Lånekassen automatisk informasjon frå lærestadene, og vi kan starte overføringa av pengane dersom studenten har signert avtalen om støtte.
Studentane finn informasjon om egne utbetalingar ved å logge inn på lanekassen.no og gå til «Utbetaling av stipend og lån».
For å få utbetalt lån og stipend må studenten:
- melde seg opp til eksamen og undervisning,
- betale semesteravgifta,
- sjekke at hen har lagt inn riktig kontonummer ved å logge inn på lanekassen.no, og
- signere avtala ved å logge inn på lanekassen.no.
Frå Lånekassen startar utbetalinga, tar det 1-3 kvardagar til pengane kommer inn på konto.