Behandlingstid

Oversikt over saksbehandlingstida du kan rekne med dersom du søker no.

Behandlingstid for ulike sakstypar

Det er ulik behandlingstid for ulike type søknadar og meldingar. Behandlingstida varierar utover året, og er lengst på høsten når vi mottar mange søknadar. Sist oppdatert 29.11.2024.

Dersom søknaden kan vurderast av ein datamaskin, får du normalt svar på søknaden innan to dagar.

Dersom søknaden må bli behandla av en saksbehandlar må du rekne med fleire vekers ventetid. Vi jobbar så raskt vi kan, og gjer det vi kan for at du skal få svar så fort som mogleg.

Type søknad eller henvendelse Behandlingstid
Søknader om lån og stipend for elevar og studentar i Noreg Inntil 7 veker
Søknader om lån og stipend for studentar i utlandet Inntil 7 veker
Søknader om tilleggsstipend ved nedsatt funksjonsevne Inntil 8 veker
Søknader om foreldrestipend Inntil 12 veker
Søknader om sjukestipend Inntil 20 veker
Nye opplysningar til ein søknad som er ferdig behandlet Inntil 20 uker
Klager Inntil 12 veker
Svar på årleg kontroll av utdanning i utlandet Inntil 5 veker

Dersom du har ein klage som skal avgjerast i klagenemnda, finn du informasjon om møtedatoer i klagenemnda her.

Svartid på e-post frå Dine sider: Cirka 36 dagar

Mange sender oss e-post frå Dine sider og derfor tar det dessverre noko lenger tid før du får svar frå oss enn til vanleg. Kundesenteret vårt svarer på e-postar innan cirka 36 dagar. 

Nokre e-postar får lengre svartid

I nokre tilfelle må saka bli vurdert av ein saksbehandlar, og då er svartida på e-post lengre enn 36 dagar. 

Logg inn for å sjå når du kan forvente svar

På Dine sider står det når du kan forvente å få svar på søknaden din. Det kan likevel ta lenger tid enn den datoen du ser på Dine sider, særleg om sommaren og hausten når det er mange som søker om lån og stipend.

Logg inn på Dine sider

Kvifor er det lang behandlingstid?

På sommaren og hausten får vi inn mange spørsmål og søknader om lån og stipend.

Årsaka til at nokre søknader må bli vurdert av ein saksbehandlar, er at det manglar opplysningar, eller at vi må sjekke opplysningane i søknaden. I slike tilfelle hamnar søknaden i behandlingskø, og det tar tid før du får svar. 

Vi prioriterer å behandle søknader om lån og stipend, slik at flest mogleg skal få pengar til skolestart. Derfor får også andre spørsmål enn søknadene lengre behandlingstid enn normalt. Vi gløymer likevel ikkje søknaden eller e-posten din. 

Vi beklagar til deg som må vente lenge på svar frå oss, og forstår at det er frustrerande. Mange spør oss om vi kan framskunde saka deira. Det kan vi dessverre ikkje gjere, fordi vi behandlar saker i den rekkefølga dei kjem inn.