Hjelp og kontakt

Veileder frister

Spørsmål om stipend og lån

Skal du studere i Noreg? Studier ved alle universitet og godkjente høgskolar gir deg rett til støtte frå Lånekassen til å ta 480 studiepoeng. Det er det same som åtte år med fulltidsstudium.

Les meir om lån og stipend til universitet og høgskole i Noreg

Les meir om lån og stipend til universitet og høgskole i Norden

Les meir om lån og stipend til universitet og høgskole i utlandet

 

 

Du må signere avtalen om støtte og registrere eit gyldig kontonummer på Dine sider.

I tillegg må lærestedet ditt gi oss informasjon. Er du elev på videregående må skolen gi oss beskjed om at du har møtt opp på skolen.

Er du student på offentleg høgare utdanning? Før vi kan overføre pengar, må du:

  • Registere deg for semesteret, noe som regel vil seie å melde deg opp til undervisning og vurdering (eksamen)
  • Betale semesteravgift

Da vil lærestadet gi oss melding. Studerar du privat eller følgjer nettundervisning, gjeld eigne utbetalingsvilkår.

 

 

 

 

Fyrst må du søke, så blir saka behandla og så får du ein avtale du eller foreldra dine kan signere. Hvis du skal signere, gjer du dette på Dine sider. Hvis ein forelder skal signere, gjer hen dette på sida Foreldresignering nederst i menyen.

Slik signerer foreldre (når du er under 18)

Når du er under 18 år er det ein av foreldra dine (ev. verje) som skal signere på dine vegne. Begge foreldra får tilsendt avtalen enten i digital postkasse (Digipost eller E-boks) eller som brev i posten, men det er nok at éin av dei signerer avtalen. Foreldre signerer digitalt i tenesta Foreldresignering med si eiga BankID eller tilsvarande.

Merk: Dersom du er under 18 år og har søkt om lån i tillegg til stipend skal du signere avtalen saman med éin av foreldra dine.

Slik signerer du sjølv (når du er over 18)

Når du er over 18 år skal du signere avtalen sjølv. Det gjer du ved å logge inn på Dine sider og finne avtalen som skal signerast. Du må bruke BankID eller tilsvarande for å signere digitalt. Hvis du kun har søkt om utstyrsstipend, treng du ikkje signere. 

Dersom du ikkje får til å signere, kan du oppdatere til nyaste versjon av nettlesaren eller bruke ein annan nettlesar.

Når du har oppfylt vilkåra for å få utbetalt pengane, overfører vi dei. Det vil ta 2-3 dagar frå vi utbetaler pengane til du har dei på din konto. Deretter får du ei utbetaling den 15. kvar månad resten av semesteret dersom du studerer i Noreg. Studerer du i utlandet, får du utbetaling for heile semesteret med den første utbetalinga.

Spørsmål om gjeld og betaling

Lån blir gjort om til stipend året etter du tok eksamen. Årsaka er at vi venter på inntektsopplysningar frå skatteetaten for året som er gått.

Vi begynner å sende ut vedtak om omgjering i juni, og sender ut vedtak gjennom sommaren. Nokre får vedtaket sitt i juni eller juli, medan andre må vente lengre.

Alle kan utsette betalinga inntil 36 gonger, som tilsvarer tre år. Du treng ikkje å forklare kvifor du vil ha betalingsutsetting.

Dersom du bruker opp dei 36 utsettingane, kan du ikkje utsette fleire rekningar med mindre du har rett til å få sletta renter.

Lånet ditt er rente- og avdragsfritt så lenge du får lån og stipend til fulltidsutdanning frå oss. Får du ikkje lenger lån og stipend til fulltidsutdanning, blir lånet rentebærande og du må begynne å betale etter ein betalingsfri periode på omtrent sju månader. Det gjeld både om du avsluttar eller avbryt utdanninga di, om du går over til deltidsutdanning eller om du studerer utan lån og stipend frå Lånekassen.

Du får ein betalingsplan frå oss når du skal begynne nedbetalinga.

Kontakt oss

Kundesenteret vårt har ope på kvardagar kl. 10-15. Ring oss på telefonnummer

+ 47 21 49 60 00

Det er vanlegvis kortast ventetid på telefon mellom 10 og 11.

Lånekassen har ingen eigen e-postadresse for kundar. For å sende oss e-post, må du logge inn på Dine sider. 

Skal du sende noko i posten?

Du kan ikkje levere post til kontoradressa vår. Lånekassen har ei felles postadresse for alle kundebrev

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Når får eg svar?

Søknader om lån og stipend til utdanning som må bli behandla av ein saksbehandlar, har for tida 5 ukers saksbehandling.

Ver på vakt mot svindelforsøk

Du bør alltid logge deg inn på Dine sider dersom du er usikker på om du har fått ei ekte rekning eller når du skal oppgi informasjon til Lånekassen.

 

Anna kontaktinformasjon

Dersom du opplever tekniske problem med Lånekassens tenester, vil vi gjerne at du melder frå om det til oss.

Du kan ikkje få svar på spørsmål om kundeforholdet ditt når du sender inn teknisk feilmelding.

E-post for å melde frå om tekniske feil

Foreldre må ha fullmakt når dei ringer for barn over 18 år

Ønsker du at foreldra dine skal ta kontakt med Lånekassen på dine vegne, må dei ha fullmakt dersom du er over 18 år.

For å gi fullmakt til foreldra dine må du sende oss anten:

  • ein e-post frå Dine sider, eller
  • ein faks til 21 70 43 80, eller
  • eit brev til Lånekassen, Postboks 450 Alnabru, 0614 Oslo

Bruk gjerne skjema for fullmakt (pdf).

Har du spørsmål om ditt eiga kundeforhold ditt i Lånekassen?

Da må du kontakte kundesenteret på:

+ 47 21 49 60 00 (mandag–fredag kl. 10–15)

Jobbar du i politiet eller har administrative spørsmål?

Kontakt sentralbordet på + 47 21 70 40 00.

E-post om administrative spørsmål eller meldingar.

Sentralbordnummeret og e-postadressa skal berre brukast til kontakt om leverandørfakturaer, anskaffingar, jobbsøknader eller andre saker som ikkje gjeld enkeltkundar.

Dokumenter

Dokument som gjeld anskaffingar og annan administrativ kontakt , sendast til:

Statens lånekasse for utdanning
P.B. 191 Økern
0510 OSLO

Fakturaadresse

Fakturaer sendast til:

Lånekassen
Fakturamottak DFØ
Postboks 4746
7468 Trondheim

Kontoradresser

  • Oslo: Fyrstikkalleen 1
  • Stavanger: Lagårdsveien 44
  • Trondheim: Brattørkaia 12
  • Ørsta: Vikegata 25

Vi har ikkje kundemottak på kontoradressene

Arbeidsflata for lærestader

I arbeidsflata skal du:

  • stadfeste opplysningar i søknader
  • registrere oppmøte
  • melde frå om avbrot

Logg inn arbeidsflata

Telefon for tilsette ved lærestader

+47 21 49 25 50 (mandag–fredag kl. 10–15)

Postadresse

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Har du problem med innlogging eller signering av avtale om støtte?

Innloggingsløysninga vår er ID-porten, som ikkje er drifta av Lånekassen. Har du spørsmål om innlogging eller signering, må du derfor kontakte brukerstøtta til ID-porten(eid.difi.no)

Foreldresignering

Skal du signere avtale om støtte for eit barn under 18 år, kan du gå til foreldresignering.

Kontonummer og KID

Rekningen inneheld all informasjon du treng for å betale. Hvis du ikkje finner rekningen skal du bruke dette:
  • Kontonummer: 7694.05.20300
  • KID-nummer. Det er alltid det same, og du finn det på Dine sider og på rekningene.
  • Terminbeløp. Dette finn du på Dine sider