Dersom du fyller vilkåra over, kan du få sletta gjeld med opptil 50 000 kr. Har du mindre gjeld enn 50 000, vil du få sletta resten av lånet ditt.
Søknaden må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at du har tatt siste eksamen eller har levert inn masteroppgåva di i den utdanninga du søker om sletting for. Datoen du blei tildelt graden din eller datoen vitnemålet er utstedt, har ikkje betydning for søknadsfristen.
Spesialisering i realfag eller framandspråk
Du kan berre få sletta gjeld dersom faga er ein øvrig del av masterprogrammet. Følgande program gir rett til sletting:
- Femårig integrert masterprogram i lærarutdanning med spesialisering/masteremne i realfag eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk)
Eksempel: Dersom du tar ein master i grunnskolelærar- eller lektorutdanning og vel realfag eller framandspråk som ditt masteremne eller som di spesialisering, vil du ha rett til sletting av gjeld etter denne ordninga etter fullført utdanning. - To-årig fagdidaktisk masterprogram for lærarar som tar spesialisering i realfag eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk). Eit toårig masterprogram tel som 120 studiepoeng
- Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom du tidlegare har fullført mastergrad eller hovudfag i biologi, fysikk, geofag, informasjonsteknologi, kjemi, matematikk, teknologiske fag / sivilingeniørutdanning eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk)
- Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom du tidlegare har fullført ingeniørutdanning
Les også
Eksempel på kor mykje ein lærar kan få sletta
Samisk eller kvensk språk
Ordninga gjeld deg som fullfører 60 studiepoeng eller meir i samisk språk som del av desse utdanningane:
- Samisk grunnskolelærarutdanning
- Samisk barnehagelærarutdanning
- Grunnskolelærarutdanning
- Lektorutdanning
Ordninga gjeld også deg som tar eller har tatt minst 60 studiepoeng i samisk eller kvensk språk i tillegg til ei av desse utdanningane:
- Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
- Barnehagelærarutdanning
- Grunnskolelærarutdanning
- Lektorutdanning
- Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag
Slik søker du
Du må sjølv søke om å få sletta gjelda di, det skjer ikkje automatisk. Når du har tatt siste eksamen eller levert inn masteroppgåva di, må du skrive eit brev til Lånekassen der du oppgir kva for utdanning du har tatt og at du søker om å få sletta delar av gjelda di. Logg inn på Dine sider og last opp brevet og vitnemålet ditt. Karakterutskrift eller lenke til Vitnemålsportalen er ikke godkjend som dokumentasjon.
Dersom du søker om sletting av gjeld på grunnlag av fullført PPU, må du sende inn kopi av vitnemålet både for PPU og for mastergraden din.
Søknadsfrist
Søknaden må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at eksamen er gjennomført. Du vil få beskjed i eit eige brev når slettinga er gjort. Du kan også sjå om du har fått sletta gjeld på Dine sider, under "kontobevegelsar".
Behandlingstid
Det kan være lang behandlingstid på søknadar om sletting av gjeld. Det betyr at du kan få svar på søknaden etter at fristen har gått ut. Så lenge du har sendt inn søknaden om sletting av gjeld innan fristen, vil du få moglegheit til å ettersende eventuell nødvendig dokumentasjon etter fristen, dersom vi ber om dette.
Du får eit brev frå oss på Dine sider når søknaden din er ferdigbehandla. Du kan også sjå om du har fått sletta gjeld på Dine sider under "Kontobevegelsar".
Reglane for denne ordninga finn du i kapittel 10 i forskriften om tilbakebetaling, på lanekassen.no/forskrifter.
Andre ordningar for lærarar
• Sletting av gjeld etter grunnskolelærar- og lektorutdanning
• Sletting av gjeld for lærarar i grunnskolen i Finnmark og Nord-Troms