Søknad om sletting av gjeld for søkere i Finnmark og Nord-Troms

Dette søker du om

I søknaden søker du om å få sletta 20 prosent av det opphavlege studielånet ditt, altså lånet du hadde då du begynte å betale tilbake.  Maksbeløpet du kan få sletta er 30 000 kroner per år. 

Dokumentasjon

Du må legge ved dokumentasjon som viser at du har vor yrkesaktiv i regionen i tolv månader samanhengande. Det kan  for eksempel vere stadfesting frå arbeidsgivar eller Nav.

Dokumentasjonen må vere datert.

Du kan laste opp dokumentasjonen når du søker.

Behandlingstid

Søknader om sletting av gjeld blir behandla av ein saksbehandlar. Derfor må du rekne med litt ventetid før du får svar på søknaden. Per i dag er behandlingstida på 4-6 veker.

Gå til søknaden