På denne sida finn du eksempel på beløp som kan slettast i dei enkelte ordningane og ved kombinasjonar av to eller fleire ordningar. Du må lese sidene under for å få fullstendig informasjon om ordningane. Ingen sletting skjer automatisk. Du må søke sjølv. Finn ut når og korleis du søker ved å klikke på lenkene under.
- Grunnskolelærar eller lektorutdanning
- Lærarutdanning i realfag, framandspråk, samisk eller kvensk
- Lærar i grunnskolen i Finnmark eller Nord-Troms
Hugs - du sparar meir enn du får sletta
Hugs også at du slepp å betale renter på det beløpet du får sletta. Kor mykje du sparer, er avhengig av kor mykje du får sletta, kor høg renta er, og tida du bruker på nedbetalinga.
Om eksempla
Den nye ordninga for distriktskommunar er ikkje tatt med i eksempla under. Dersom du bur i ein distriktskommune medan du jobbar som lærar i oppteningsperioden på tre år, kan du få sletta 25 000 kroner per år i tillegg til det du får sletta etter ordninga for lærarar.
Realfag eller framandspråk – heile Noreg – 50 000 kr
Du er ingeniør eller har ein mastergrad i realfag eller framandspråk, og fullfører deretter praktisk pedagogisk utdanning (PPU).
Grunnskulelærar eller lektor – heile Noreg – 51 000 kr
Du fullfører femårig grunnskulelærarutdanning trinn 5-10 eller lektorutdanning 8-13 på normert tid, og arbeider som grunnskulelærar eller som lektor i vidaregåande opplæring kvar som helst i Noreg i tre av dei første seks åra etter at du har fullført utdanninga.
Grunnskulelærar eller lektor – heile Noreg – 101 000 kr
Du tar femårig grunnskulelærarutdanning trinn 5-10 eller lektorutdanning 8-13 på normert tid, og har spesialisering i realfag i graden. Du arbeider som grunnskulelærar eller som lektor i vidaregåande opplæring kvar som helst i Noreg i tre av dei første seks åra etter at du har fullført utdanninga. Merk søknadsfristen for spesialiseringa.
Grunnskulelærar – heile Noreg – 106 000 kr
Du tar femårig grunnskulelærarutdanning trinn 1-7 på normert tid, og arbeider som grunnskulelærar kvar som helst i Noreg i tre av dei første seks åra etter at du har fullført utdanninga.
Grunnskulelærar – heile Noreg – 156 000 kr
Du tar femårig grunnskulelærarutdanning trinn 1-7 på normert tid og har realfag eller framandspråk som ditt masteremne/spesialisering. Du jobbar deretter som grunnskulelærar kvar som helst i Noreg i tre år. Som alternativ til spesialisering i realfag, kan du ha minst 60 studiepoeng i samisk eller kvensk språk, og oppnå same beløp. Merk søknadsfrist for spesialiseringa.
Grunnskulelærar – Nord-Noreg utanfor Finnmark og Nord-Troms - 161 000 kr*
Du tar femårig grunnskulelærarutdanning trinn 1-7 på normert tid, og jobbar deretter som grunnskulelærar i Nord-Noreg i tre år. Utdanninga kan du ta kvar som helst i Noreg. Dersom du brukar lengre enn normert tid, og du ikkje kjem inn under unntaka, kan du likevel få sletta 55 000 kroner, sidan du tar oppteninga i Nord-Noreg.
Grunnskulelærar – Finnmark og Nord-Troms 361 000 kr*
I dette eksempelet utnyttar du alle ordningane. For å få maksimalt beløp, må du ta femårig grunnskulelærarutdanning trinn 1-7 på normert tid, ta realfag eller framandspråk som ditt masteremne/spesialisering eller ha minst 60 studiepoeng i samisk eller kvensk språk som ein del av utdanninga, og deretter jobbe som grunnskulelærar i Finnmark eller Nord-Troms i tre år. Du vil då totalt ha fått sletta 361 000 kr. Held du fram å bu og jobbe som grunnskulelærar der, kan det slettast ytterlegare 50 000 kvart år. Utdanninga kan du ta kvar som helst i Noreg. Merk at dei ulike ordningane du nyttar deg av her, har ulike søknadsfristar.
Forklaring til eksempla
Det er eit vilkår i alle eksempla at sjølve lånet ditt (utan renter) er minst så stort som beløpet du kan få sletta.
*) Med Nord-Noreg meinast fylka Nordland, Troms og Finnmark. Med Finnmark og Nord-Troms meinast alle kommunane i Finnmark og desse kommunane i Troms: Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Karlsøy.