Forslaget om ei ny gjeldssletteordning kom i forslaget til statsbudsjett for 2025. Dersom dette blir vedtatt, vil låntakarar kunne tjene opp rett til sletting frå 1. januar 2025. Den første slettinga vil dei då få etter 12 månader, altså tidlegast 1. januar 2026.
Kven kan få sletta gjeld?
Kravet for å få sletta gjeld, er at ein bur i ein kommune i sentralitetsklasse 5 eller 6, og at ein er yrkesaktiv. Med bu meinast både å vere folkeregistrert i kommunen og faktisk bu der. Det er ikkje eit krav at ein er yrkesaktiv i den kommunen ein bur i.
I regjeringa sitt forslag finn du ei liste over kommunar som er omfatta av ordninga
Kor mykje kan ein få sletta?
Så lenge vilkåra er oppfylte, vil ein kunne få sletta gjeld heilt fram til lånet er nedbetalt. Har låntakaren mindre enn 25 000 kroner att av den lånesummen låntakaren hadde ved avslutta utdanning, kan den lånesummen bli sletta. Gjeld kan bli sletta, uavhengig av kva slags utdanning gjelda stammar frå eller når gjelda blei tatt opp. Ein kan ikkje få sletta renter etter denne ordninga.
Kor mykje må ein betale?
Sjølv om ein har rett til gjeldssletting, vil ein framleis måtte betale dei månadlege rekningane frå Lånekassen, som inneheld avdrag, renter og eventuelle gebyr, slik som andre låntakarar. Det vil ikkje vere avdragsfritak etter den nye ordninga, i motsetning til gjeldssletteordninga i Finnmark og Nord-Troms. Men når du betaler dei vanlege terminbeløpa, og samstundes får sletta gjeld, vil studielånet bli raskare nedbetalt, og dei samla rentekostnadane blir lågare.
Forslag om å styrke ordninga for Finnmark og Nord-Troms
Kunnskapsdepartementet føreslår at gjeldssletteordninga for Finnmark og Nord-Troms blir forenkla og styrkt slik at låntakarar kan få sletta 60 000 kroner per år av lånesummen ved avslutta utdanning. Slik reglane er i dag, får dei sletta 20 prosent av den opphavelege lånesummen, inntil 30 000 kroner, kvart år.
For å få sletta gjeld etter denne ordninga, er det eit krav at du både bur og er yrkesaktiv i Finnmark eller Nord-Troms i 12 samanhengande månader.
Når veit vi om forslaga blir noko av?
Merk deg at verken den føreslåtte ordninga for distriktskommunar eller styrkinga av ordninga for Finnmark og Nord-Troms, er vedtatt enno. Vi ventar at ei avgjerdsle blir tatt før nyttår.