Vi har fleire ordningar for deg
Sletting av renter inneber at renter som allereie er lagt til lånet ditt, blir sletta. Du kan altså ikkje søke om at renter ikkje skal bli lagt til i framtida. For å ha rett til å få sletta renter, må du vere i ein situasjon som er godkjent for sletting av renter og du må ha inntekt under grensene våre.
Søknadsfrist for sletting av renter
Du kan søke om sletting av renter i inntil tre år tilbake i tid. Det vil seie at du kan få sletta renter tilbake til 1. januar 2021 viss du søker i løpet av 2024.
Du kan utsette betalinga i periodar du får sletta renter
I periodar du får sletta renter, kan du også utsette betalinga utan at du bruker av kvota på 36 utsettingar. Det fungerer slik at utsettingar du har brukt, blir sletta når du seinare får innvilga sletting av renter.
Har du brukt opp betalingsutsettingane dine?
Dersom du har brukt 36 utsettingar, kan du få fleire om det er sannsynleg at du får sletta renter for den same perioden. For å utsette fleire betalingar, må du først søke om sletting av renter og deretter søke om betalingsutsetting.