Utdanningsstøtta 2024

1,2 millionar nordmenn har i dag eit forhold til Lånekassen. 432 000 av desse er studentar eller elevar som får studiestøtte. Kva studerer dei? Kor gamle er dei? Har dei barn? Kor mange tar utdanning i utlandet? Og korleis går det med dei 800 000 kundane som er ferdig med utdanninga si, og som betaler ned på studielånet?

Publisert 4. juni 2024

Dette er nokre av spørsmåla Utdanningsstøtta 2024 gjer svar på. Rapporten inneheld Lånekassens nøkkeltal for kalenderåret 2023 og for studieåret 2023–2024.

Dette er dei viktigaste tala:

Hovudtal

  • Over 1,2 millionar nordmenn er aktive kundar i Lånekassen
  • Lånekassen utbetaler 40 milliardar kroner i stipend og lån i året
  • Det er flest som får støtte til høgare utdanning, men stadig fleire tar fagskoleutdanning
  • Det er flest studentar i 20-åra som får studiestøtte
  • Det blir stadig fleire eldre studentar
  • Ni av ti studerer på fulltid
  • Nokre færre studentar får barn
  • Utvikling i basislån over tid
  • Éin av fire har inntekt eller formue over grensene

Utdanning i utlandet

  • Færre tar heile graden sin i utlandet, mens fleire tar utveksling
  • Færre studerer i Storbritannia
  • Medisin og økonomi på topp blant gradsstudentane

Gjeld og tilbakebetaling

  • Gjennomsnittsgjelda har auka gradvis, men gjekk litt ned i fjor
  • Høgare gjeld etter utdanning i utlandet
  • Fleire avsluttar med høgare gjeld
  • Fleire avsluttar med over 1 million i studiegjeld
  • Éin av fire utsette rekninga
  • Fleire purringar, men få får varige betalingsproblem

Utdanningsstøtta 2024