Støtte til lengre språkkurs – fører det til at fleire studerer vidare i utlandet?

Publisert 1. juni 2022: Lånekassen har analysert ordninga støtte til språkleg tilrettelegging. Kor mange nyttar seg av ordninga, kva kjenneteiknar dei som nyttar seg av den og kva er typisk ved språkkursa dei tar? Og: Fungerer ordninga etter hensikta?

Språkleg tilrettelegging er ei ordning der studentar kan få lån og stipend frå Lånekassen i opptil eitt år for å delta på førebuande språkkurs før utdanning i ikkje-engelskspråklege land. Ordninga søker å bryte ned språklege og kulturelle barrierar rundt utdanning i utlandet, med den hensikt at studentane skal fortsette med vidare utdanning utanlands etter ferdig språkkurs.


Dette er hovudfunna i analysen:

Har i liten grad bidratt til målsettinga om fleire norske gradsstudentar i utlandet

Språkleg tilrettelegging har gitt fleire norske studentar erfaring frå utlandet, men har i liten grad bidratt til målsettinga om fleire norske gradsstudentar i utlandet. Sidan ordninga blei innført i 2004–2005 har nærmare 2 500 studentar fått støtte til språkleg tilrettelegging. Av desse har i underkant av 20 prosent begynt på ein grad i landet dei var på språkkurs i etter ferdig tilretteleggingsopphald. Etter ei regelendring i 2016–2017, som innebar at studentane kunne få støtte til språkkurs i meir enn eitt semester, og støtte til skolepengar, har antal studentar som får støtta auka, men andelen som fortsett med gradsutdanning i same land, har gått ned betrakteleg.

Dei fleste reiser til ikkje-engelskspråklege land

Dei fleste tilretteleggingsstudentane reiser til ikkje-engelskspråklege land i Europa, som Frankrike, Spania, Tyskland og Italia. Også prioriterte samarbeidsland i Asia, som Kina, Sør-Korea og Japan, har ein del tilretteleggingsstudentar. Svært få reiste til Argentina og Costa Rica før regelendringa i 2016–2017, men mellom 2016 og 2019 var dette landa med flest tilretteleggingsstudentar. Andelen som fortsett med vidare utdanning i desse landa er likevel svært låg. Ordninga ser ut til å ha større betydning for vidare utdanning i Tyskland, Russland og Sør-Korea enn andre tilretteleggingsland.

Høy gjeldsgrad

Regelendringa i 2016–2017 førte til auka gjeldsbyrde for tilretteleggingsstudentane. I 2015–2016 hadde 20 prosent av studentane meir enn 60 000 kroner i gjeld etter fullført tilretteleggingsopphald, i 2019–2020 hadde andelen auka til 70 prosent, og over 10 prosent satt igjen med 150 000 kroner eller meir i gjeld. Studentane som reiser på tilrettelegging blir stadig yngre, og mange kjem rett frå vidaregåande skole. Kompetansen dei tileignar seg på språkkurset gir verken studiepoeng eller blir rekna som høgare utdanning. Dette må derfor kjenneteiknast som ein høy gjeldsgrad for unge menneske før dei har tatt noko høgare utdanning.

Går på private språkskoler med høge skolepengar

Mange tar språkleg tilrettelegging på private språkskolar med høge skolepengar. Antal tilretteleggingsopphald ved språkskolar har auka betydeleg dei siste åra, og i 2017–2018 tok fleirtalet av studentar språkkurset ved ein frittståande språkskole. 


Analysen av støtte til språkleg tilrettelegging er gjort med grunnlag i Lånekassens registerdata, som gir ein oversikt over studentar som har fått studiestøtte frå Lånekassen. Sjølv om resultata tyder på at ordninga i liten grad fungerer etter hensikta, ved at relativt få fortsett med vidare utdanning i landet dei var på språkkurs i etter fullført språkkurs, bør det nemnast at språkleg tilrettelegging kan ha nokre positive aspekt som Lånekassens data ikkje kan svare på (at det gir den enkelte auka kunnskap og bidrar til personleg utvikling m.m.).

Analyse om støtte til lengre språkkurs