Lærestaden må melde frå om endringar
Dette gjeld studentar i fagskoleutdanning, og elevar i vidaregåande opplæring som er 21 år eller eldre eller som har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.
Dersom eleven begynner eller sluttar i eitt eller fleire fag undervegs i studieåret, må du melde inn endra studiebelastning for denne eleven. Dette gjer du i Arbeidsflata for lærestadene. Under fana «rapportering» på arbeidsflata kan du lese meir om korleis du rapporterer endringar i studiebelastninga.
Om lærestaden ikkje gir melding om endra studiebelastning kan det føre til at elevar mottek for mykje lån og stipend. Konsekvensen av dette kan bli at eleven feilaktig blir registrert som forsinka i utdanninga. Eleven kan også få meir lån enn forventa.
Situasjonar der du må melde inn endra studiebelastning kan vere når:
- Eleven vel å ta fleire eller færre fag enn planlagt
- Eleven endrar start- eller sluttdato (dette gjeld elevar med individuell start- og sluttdato).
Ikkje meld inn endringar for elevar som er 20 år eller yngre, og som ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.
Elever i vidaregåande opplæring, som er 20 år eller yngre og som ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, får ikkje redusert lån og stipend frå Lånekassen sjølv om dei tek utdanning på deltid. Dersom desse elevane begynner eller sluttar i eitt eller fleire fag undervegs i studieåret, skal de ikkje melde inn endra studiebelastning.